Category Archives: Uncategorized

Viktig å ha ei forsikring tilpassa ferien

I løpet av vinterhalvåret oppheld tusenvis av nordmenn seg i sydlegare strøk av Europa, samt i andre godt

…tempererte område av verda, når vi her heime i gamlelandet må klare oss med mindre sol, lågare temperatur, og nedbør av ymse slag. Nokre ferierer i 2-3 veker, somme i 6 til 8 veker, og stadig fleire er borte frå Noreg i både 15 og 20 veker, og meir til.

Dei fleste av desse personane har på førehand kjøpt ei reiseforsikring, for å unngå ein økonomisk ruin, om ei noko uføresett hending skulle inntreffa. Dei fleste forsikringsselskapa tilbyr slik forsikring. Ikkje berre «Standard heilårs reiseforsikring », men også utvida forsikring, tilpassa lengda på ferien til den enkelte reisande.

Men veit dei reisande kva dekning dei har betalt for, om noko utanom «det vanlege» skulle inntreffa på reisa/under opphaldet? Har DU, som reisande, teke deg god tid til å lesa forsikringsvilkåra? Og har du forstått dei? Og har du samanlikna vilkåra mellom ulike fors. selskap?

Sjuk. Her vil eg utfordra forsikringsselskapa på ei konkret «sjukdomshistorie», og bed om svar på kva dekning desse yter til sine kundar, når det gjeld «kompensasjon for tapte feriedagar ».

Ein kunde vert råka av plutseleg sjukdom ved sitt opphald på øya Tenerife. Vedkomande vert innlagt på sjukehus, og behandla der i 5 deg. , for deretter å verta sendt tilbake til sin feriebustad, med ein porsjon tablettar, og reseptar for innkjøp av fleire tablettar. Sjukdomen er framleis svært aktiv i kroppen, og pasienten vert rådd til IKKJE å opphalda seg i sola, og vert instruert i korleis han må forholda seg til inntak av ymse mat og drikke. Ved etterkontroll på sjukehuset 10 deg. Seinare, er legen (og pasienten! ) ikkje tilfreds med situasjonen, og endrar på medisineringa. Pasienten er framleis i dårleg form mot slutten av «ferieopphaldet», men kjem seg heldigvis heim til Noreg med planlagt fly.

Ferieopphaldet skulle vare i 70 døgn, og dertil utvida reiseforsikring var kjøpt i god tid før utreise frå Noreg. Sjukdommen «slo til» på den 47 dagen, og den ferierande/pasienten fekk dermed «tapte» feriedagar dei siste 23 dagane av den tiltenkte ferien.

Vilkår. Under forsikringsvilkåra til det kapittel som dei fleste selskapa kallar reisesykje og heimtransport, er der eit underkapittel som vert kalla «Avbrutt reise – tapte feriedagar». Her står det å lesa kor stor kompensasjon som vert utbetalt på grunn av tapte feriedagar, i høve til førehands betalt ferie.

Spørsmål: Kor mange dagar får denne kunden kompensert av sin tapte ferie?

Då eg veit at dei ulike forsikringsselskapa opererer med noko ulik praksis for denne konkrete «sjukdomshistoria», og også at mange langtidsferierande som eg har snakka med om temaet, har hatt ei anna oppfatning enn det som står i «Forsikringsvilkåra», vil svaret kunne vera opplysande for mange andre.